Min kommune - Barnevern og Sikker chat
6 mai 2026 12.00 - 13.00
DigiVestland og KS Digital inviterer til temamøte om Min kommune barnevern og sikker chat, for digitaliseringsressurser, barnevern, innbyggerkontakt/-involvering, mobbeombud.
KS Digital gir ei oppdatering om status på to område:
KS Min kommune – barnevern er ei digital innbyggjarteneste som bidreg til auka tillit og betre tilgjenge for dei som har ei sak hos barnevernet. Tilsette i barnevernet administrerer innhaldet i Min kommune – barnevern gjennom sitt fagsystem. Her har dei full kontroll over kva som blir delt med kven i kvar einskild barnevernssak.
Kort om løysinga, gevinstar for barnevernstenesta og samfunnet generelt, og erfaringar frå Trondheim kommune
KS Sikker chat er ei sikker løysing for meldingsutveksling mellom innbyggjarar og tilsette i kommunar og fylkeskommunar. Løysinga vil først bli rulla ut for det kommunale barnevernet med høgt tryggleiksnivå, og deretter for andre tenesteområde, både med strenge tryggleikskrav og mindre sensitive område
Vi fortel om innsikta vi har fått sidan sist for KS Chat, kva for område det er aktuelt å levere den til, og status på levering. Vi kjem òg til å gi ei vising av løysinga.
For mer informasjon og påmelding
Arrangør: DigiVestland/KS Digital